Gå til sidens hovedinnhold

–Vi ønskjer å bli saksøkt

Artikkelen er over 17 år gammel

BERGEN: – Vi ønskjer ein rettssak velkommen, då får vi blest om saka vår. Det seier initiativtaker til ”Gruppen til familiens selvstendige rett”, Mona Lygre, som står bak svartelista over barnevernstilsette på internett.

–Det er flott at vi blir saksøkt, vi har venta på dette og vi har planane klare. Vi vil ta saka heilt til menneskerettsdomstolen i Strasbourg, for dette har med folkeretten å gjere. Og det er heilt i orden for meg å bli samvitsfange, seier Lygre når Firdaposten fortel at fleire kommunar vurderer å saksøkje organisasjonen.

Ho meiner at dei ikkje gjer noko gale når dei publiserer namn på barnevernstilsette på ei slik svarteliste.

– Det har med ytringsfridom å gjere. Ta for eksempel Se&Hør. Dei ringjer ikkje og spør kvar einaste person dei skriv om, om det er greitt. På same måte har vi lov til å sette kritisk fokus på offentlege tenestemenn som ikkje gjer jobben sin godt nok, vi må ha lov til å seie ifrå, seier Lygre.

Ho starta arbeidet med å samle namn på barnevernstilsette for 1 ½ år sidan, og har fått hjelp av grupper landet rundt som har eigne erfaringar med dei enkelte personane på lista.

– Namnene på lista er barnevernstilsette som ikkje gjer jobben sin godt nok. Og vi vil trekkje kvar og ein av dei for retten, slik at dei må svare for dei løgnaktige historiene dei komponerer om oss foreldre, seier Lygre.