– Vi må skrike høgare

Verksdirektør ved Elkem Bremanger, Steinar Talle, hevda under eit verdiskapingsseminar i Florø onsdag kveld at kystkommunane må dra i same retning skal ein legge til rette for eit industriveventyr. Foto: Dag Frøyen

Verksdirektør ved Elkem Bremanger, Steinar Talle, hevda under eit verdiskapingsseminar i Florø onsdag kveld at kystkommunane må dra i same retning skal ein legge til rette for eit industriveventyr. Foto: Dag Frøyen

Artikkelen er over 10 år gammel

Elkemdirektør Steinar Talle peikar på at det nyttar å skrike høgt. Slik dei gjorde i Årdal, der han kom frå.

DEL

Det var Sunnfjord Næringsråd som inviterte politikarar og næringsliv til seminar i Sparebanken Sogn og Fjordane i Florø onsdag kveld. Her skulle ein diskutere verdiskaping på kysten generelt og Solar-satsinga i Svelgen spesielt.

Å stå saman

Det var her verksdirektør Steinar Talle peika på at alle klutar må settast til skal ein snu fråflyttinga og skape vekst på kysten. For Svelgen sin del betyr det å sikre kommunikasjon til eit verdsleiande verk i dobbel tyding. For det første peika han på at Elkem er eit konsern som set tryggleik øvst i prioriteringa der sikkre kommunikasjon er avgjerande, og for det andre treng ein gode kommunikasjonar som kan sikre utviding av den geografiske ringen for kor Elkem kan hente arbeidskraft i frå ved ei Solarsatsing.

Her er Bremanger 2, som ligg i Nasjonal Transportplan (NTP) for 2009, og ei satsing på vegen mellom Grov og Svelgen heilt sentralt. Skal ein få til dette meiner han det er avgjerande at politikarar i Florø, Førde, Vågsøy og Eid snakkar saman og dreg utviklinga i same retning.

Rope høgt

Han peika også på at det nyttar å rope høgt og sikta her til den politiske tyngden som vart sett bak kravet til omstilling etter at den siste Søderbergomnen vart lagt ned i Årdal i 2002. Arbeidet som der vart gjort meiner han kysten kan lære av.

For frykta for fråflytting vart snarare snudd til mangel på arbeidskraft i Årdal. Det kom av dei nye tiltaka som kom til bygda i indre Sogn som plaster på såret.

Næringslivet står bak

Initiativet bak seminaret kjem i frå næringslivet. For no er vi i den situasjonen at det er vegen frå Grov Til Svelgen som er det mest spennande næringsprosjektet i Sunnfjord-regionen.

Grunnen er at betre kommunikasjonar mellom Svelgen og Sunnfjord i sør må til skal ein skape eit omland og ein arbeidsmarknad som skal gjere Elkem frista til å legge den tredje Solar-fabrikken nettopp i Svelgen.

Ei eventyrleg investering på 3,5 milliardar kroner som vil skape store ringverknader for næringslivet i omlandet.

Vi kjem attende med meir i frå møtet i papiravisa laurdag

Artikkeltags