Vevring-aksjonistane i retten i dag

Dei to siste aksjonistane: Silje Lundberg og Håvard Lundberg vart fjerna under aksjonen. Politiet kom mannsterke, klipte kjettingane og arresterte aksjonistane.

Dei to siste aksjonistane: Silje Lundberg og Håvard Lundberg vart fjerna under aksjonen. Politiet kom mannsterke, klipte kjettingane og arresterte aksjonistane. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

- Liten pris å betale, seier Natur og Undom-leiar

DEL

I dag tysdag startar rettsakene mot dei første aksjonistane som lenka seg fast ved Engebøfjellet mot dumping av gruveavfall i Førdefjorden, fortel Natur og Ungdom på sine nettsider.

I april i fjor fekk Nordic Mining løyve til gruvedrift påEngebøfjellet, pluss løyve til å dumpe 250 millioner tonn gruveslam i Førdefjorden.

Gruva har møtt sterke protestar frå mange hald - til dømes har Havforskningsinstituttet, lokalbefolkninga og fiskeriorganisasjoner teke avstand frå prosjektet og i februar i år deltok over 100 menneske i aksjoner som omfatta sivil ulydnad ved Førdefjorden. 86 av desse vart bøtlagde og over 60 av dei nekta å godta  bøtene dei fekk på 12.000 kroner, og må difor no møte i retten. Der vil dei argumentere med at dei gjekk til aksjon grunna sterk uro for fjorden og området, og at dei difor ikkje kan/skal bøteleggast.

- Eg kan ikkje stå og sjå på at regjeringa med miljøminister Vidar Helgesen i spissen får fylle Førdefjorden med gruveslam og kjemikaliar, mot tilrådningane frå våre fremste havforskarar, miljøorganisasjonar, lokalbefolkning og næringsliv. Sivil ulydnad er eit alvorlig steg å ta, men nokre gongar naudsynt når dei miljøfaglege råda blir så grundig overkøyrde, seier Ingrid Skjoldvær, leiar i Natur og Ungdom.

Til NRK seier ho at ho ser på det å ha denne saka på rullebladet som ein liten pris å betale for å vere med å stoppe eit prosjekt som dette.

Rettssaka går ut denne veka i Fjordane Tingrett i Førde.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken