Veteranane overfylte Strandgata

Strandgata viste seg snart å verte for kort

Kampingvognene frå 60-talet til gjengen frå Naustdal til høgre fekk mykje merksemd.

Kampingvognene frå 60-talet til gjengen frå Naustdal til høgre fekk mykje merksemd.

DEL

BERRE 49 kr for alt på nett i 1 mnd.

Strandgata viste seg snart å verte for kort då kortesjen med velhaldne og glinsande veteranbilar, kom sigande utover frå oppstillingsplassen ved Autoforum og skulle parkerast.

I følgje Sander Ødelien, lokal leiar for Fjordsteam- arrangementet talde dei opp nærare 120 køyrety under oppstillinga på Evja før dei sette i gang i halv elleve tida. Her var alt frå folkelege bobler til breie kromskinande amerikanarar til dei eldste Fordane og luksusbilar for sine årgangar. Endå fleire veteranar kom køyrande til seinare. Arrangørane måtte til med å improvisere for å løyse parkeringsutfordringa, og stille eit tjuetals langs Fugleskjærsgata for å få plass til alle. Nesten alle kom seg vel gjennom gata. Men ein vakker Jaguar måtte ha skubbehjelp for å komme seg over den vesle motbakken yst i Strandgata.

Alle let vel. Dette har vore ei fantastisk fin oppleving, sa Sissel Margrethe Rømslo frå Bergen veteranklubb, sjølv sekretær for laget og redaktør for medlemsbladet som har vore med på det meste i veteranbilmiljøet. Ho lova å skrive ei god skrytehistorie om opphaldet i Florø. Bergen Veteranbilklubb kom med 25 bilar. Dei budde standsmessing om bord i veteranskipet Stavanger.

Artikkeltags