Vestbase får meir jobb

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Coast Center Base AS (CCB) har signert ein landsdekkande toårskontrakt med Statoil om vedlikehald av subsea-utstyr og -verktøy. Det skriv CCB i ei pressemelding. CCB har også opsjon på ytterlegare vedlikehaldsarbeid i forbindelse med mobilisering og offshore-operasjonar.

Vedlikehaldsarbeidet skal i all hovudsak bli utført på CCB og baser eigd av NorSea Group langs hele norskekysten, inkludert Vestbase i Kristiansund, men det er også venta at det vil bli betydeleg aktivitet for Vestbase i Florø, Helgelandsbase i Sandnessjøen og Polarbase i Hammerfest.

Artikkeltags