Politiet etterforskar mistenkeleg dødsfall i Florø

SPERRA AV: Politiet skal gjennomføre åstadsundersøkingar og held vakt på staden.

SPERRA AV: Politiet skal gjennomføre åstadsundersøkingar og held vakt på staden. Foto:

I samband med ei anna sak dro politiet til eit hus i Florø. Der fann dei ein bevisstlaus mann.

DEL

- I samband med ei anna sak dro politiet til eit hus i Florø. Der blei det funne ein bevisstlaus mann.

Det melder Vest politidistrikt i ei pressemelding tysdag ettermiddag.

Helsepersonell kom raskt til staden og starta gjenoppliving. Dette lukkast ikkje, og mannen blei erklært død av lege på staden.

- Omstendigheiter på staden og skader på mannen gjer at politiet har starta etterforsking av mistenkeleg dødsfall, opplyser Gry Benedicte Halseth, kommunikasjonsrådgjevar i Vest politidistrikt.

Politiet vil per no ikkje seie noko om kva skader mannen var påført.

Mannen skal obduserast på Gades institutt i Bergen.

Politiet jobbar no med varsling av mannens næraste pårørande, og leilegheita der mannen blei funnen skal gjennomgåst av politiet sine kriminalteknikere.

- Det er veldig tidleg i etterforskinga og politiet kan førebels ikkje seie noko meir om saka. Vi håpar å kunne gi ein oppdatert status om politiet sitt arbeid i løpet av kvelden, seier Halseth.

Etterforskingan vil bli leia frå felleseininga for etterforskning og etterretning i Bergen.

Artikkeltags