Tjuvar på ferde: Politiet ber deg sjekke båten din

Artikkelen er over 1 år gammel

Det har vore nye tjuveri av båtmotorar i Sunnfjord siste veka.

DEL

Fredag morgon vart det meldt frå til politiet at det er stole ein motor, eit undervasshus og forsøkt stole ein tredje mottor i Vevring. Dette kan ha skjedd i tidsrommet laurdag 26.05.18 til torsdag 31.05.18, heiter det i ei pressemelding frå Vest politidistrikt.

Natt til i dag vart det òg stole ein båtmotor i vågen i Rugsund. Dette skal ha skjedd mellom kl. 05:00 og 06:00.

Politiet ber folk sjekke båtane sine, men samstundes ikkje ta på gjenstandar i nærleiken av ein eventuell åstad for tjuveri eller forsøk på tjuveri. Vidare ynskjer politiet tips i sakene, om folk har observert eller høyrt noko som kan vere av betydning.

Artikkeltags