... men snart skin sola

Dette synet vakna florøværingane til tysdag morgon. Snø heilt i fjøresteinane når det nærmar seg 1. april, er ikkje normalen.

Dette synet vakna florøværingane til tysdag morgon. Snø heilt i fjøresteinane når det nærmar seg 1. april, er ikkje normalen. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Å vakne til snødekte vegar når vi snart skriv 1. april, er ikkje kvardagskost ved kysten.

DEL

Somme vil kanskje vere samde: Det er litt deprimerande når ein går og tittar etter vårteikna, men i staden vaknar til vinterglatte vegar, snødekte bilar og ein må hente fram isskrapa - og særleg når datoen nærmar seg 1. april.

Snø i fjøresteinane

Tysdag morgon var Florø snødekt, og snøen låg heilt i fjøresteinane.

Men fortvil ikkje: Ifølgje meteorologane skal snødrivet snart avta, og rundt lunsjtider tysdag skal sjølvaste påskesola titte fram.

Stabilt, men nattekaldt

Derfrå og ut blir det godver i mange dagar framover, med sol og tilnærma vindstille. Heilt fram mot 1. påskedag skal det halde seg tørt og fint - men godveret kjem med ein liten prislapp - det kan framleis halde seg på minussida på gradestokken om nettene.

Artikkeltags