Det blir beinkaldt i dag, så kle godt på ungane før du sender dei ut døra!

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Den kalde vinden frå Sibir er over oss for fullt, og det er i dag og torsdag som blir kaldast skal vi tru meteorologane.

I Ytre Sunnfjord er det onsdag meldt sol frå skyfri himmel og temperaturar ned i -7 grader. I indre deler av kysten, som i Svelgen, er det meldt -9 grader, men vind kan fort gjere til at temperaturen blir opplevd som kaldare. Det kan difor vere ein god idé å kle ekstra godt på ungane før ein sender dei på skulevegen. Det kan også vere ein god idé å la vatnet renne, dersom du veit du er utsett for røyr som lett frys.

  Det blir ei heil veke med opplett - og Sibir-kulde

Det kjem til å halde seg kaldt heilt fram mot helga, og det er faktisk ikkje meldt nedbør før torsdag i neste veke. Då kjem det som snø. Først mot helga er det venta at det byrjar skye over att.

Artikkeltags