Framleis dårleg vêr i vente

MYKJE REGN: Det kan bli glimt av sola på fredag, men elles er det ikkje mykje å skryte av på vêrfronten.

MYKJE REGN: Det kan bli glimt av sola på fredag, men elles er det ikkje mykje å skryte av på vêrfronten. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

VÊR: På fredag kan det bli opphaldsvêr og glimt av sol, men dei som håpar på knallvêr på Sankthans vil bli skuffa.

DEL

Vêrgudane er ikkje greie å ha med å gjere for tida, og slik vil det også vere denne veka. På kysten vil det blåse kraftig, opp i stiv og sterk kuling tysdag, og vinden vil nok merkast også første delen av onsdagen.

– Dei kraftigaste byene denne veka kjem tysdag, men om kvelden vil dei minke i intensitet, seier Gunnar Livik, vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet tysdag ettermiddag.

Betre på fredag

Onsdag og torsdag vil det bli byevêr igjen, men på fredag er vêrgudane litt greiare.

– Då kan det bli periodar med skiftande skydekke og glimt av sola, men det er også moglegheiter for litt regn. Dette blir vekas beste dag, seier han.

På Sankthans blir det ikkje like bra.

– Laurdag er det ein god sjanse for at det blir små mengder med nedbør på dagen i Førde-området. Ved kysten er det store moglegheiter for regn i løpet av ettermiddagen. På søndag blir det garantert regn, seier han.

– Fram til torsdag kan det bli snø i høgder på over 1000 meter, legg han til.

Mykje vind på kysten

Temperaturane her heller ikkje noko å skryte av. Onsdag vil dei variere mellom 8 og 12 grader, og torsdag mellom 6 og 11. I helga blir det litt varmare med temperaturar frå 8 til 15 grader.

– På tysdag vil det bli sørvest sterk kuling på kysten, og det er då det blir mest vind denne veka. På onsdag og torsdag kan det bli vestleg frisk bris til liten kuling på utsette plassar. Det kan det komme opp i liten kuling, med moglegheiter for stiv kuling seint på torsdag og natt til fredag, seier han.

I Førde-området blir det lett til laber bris på tysdag. Elles vil det variere mellom lett bris og svak vind frå onsdag til søndag.

– Og kor tid blir det betre vêr?

– Vi har ulike prognosar. Ein har vist betring frå måndag og nokon dagar framover, men ein annan viste periodar med regn også då, så det er usikkert, seier Livik.

Artikkeltags