Denne veka er det venta opp mot 300 millimeter regn

REGNTUNGT: Det er venta 300 millimeter regn den komande veka. Bilete er tatt frå Ortneset utover Sognefjorden.

REGNTUNGT: Det er venta 300 millimeter regn den komande veka. Bilete er tatt frå Ortneset utover Sognefjorden. Foto:

VÊR: – Eg ser ingen ende på dette, seier meteorologen.

DEL

For det skal regne. Kvar dag. Heile veka.

Tysdag er det meldt regn og regnbyer og utrygt for torevêr fleire stadar. Det kan kome opp mot 50 millimeter nedbør og i tillegg skal også blåse stiv kuling.

– Onsdag ser litt betre ut. Då skal ein liten høgtrykksrygg passere, men det vil framleis vere pålandsvind og byevêr. Torsdag er det venta inn ein ny nebørsfront med regn og kuling, seier meteorolog Siri Wiberg hos Meteorologisk institutt i Oslo til Firda.

Søndag kveld hølja det ned fleire stadar i Sør-Norge, og landsoversikta viser at Bergen fekk mest nedbør på tolv timar. Der kom det 41,4 millimeter.

Men det skal bli meir. Frå og med måndag til og med søndag viser prognosane opp mot 300 millimeter i Sogn og Fjordane.

– Eg ser ingen ende på dette. Det kjem frontar på frontar inn frå vest heile veka. Verst vil det bli i ytre strok, seier meteorologen.

Det er ikkje sendt ut OBS-varsel enno, men ein følgjer utviklinga tett.

– Det blir også ein del kaldare enn vi har hatt det. Dagtemperaturane vil liggje rundt 8 grader, seier Wiberg.

– Hausten er definitvit komen, altså?

– Ja, det kan ein trygt seie, svarar ho.

Artikkeltags