Kvit jul likevel?

KVITT: Julaftan morgon vaknar florøværingane til noko som i alle fall kan likne kvit jul.

KVITT: Julaftan morgon vaknar florøværingane til noko som i alle fall kan likne kvit jul. Foto:

FLORØ: Det snør i Florø på julaftan morgon.

DEL

Dagens første julegåve får dei minste i år frå ovan. Sjølv om han er blaut, og sjølv om det er heilt på grensa, så er det i ferd med å leggje seg eit kvitt juleslør over Florø i morgontimane måndag.

Snøen stemmer ikkje overeins med meteorologane sin spådom, som varslar heilt opp mot sju plussgrader utpå dagen. Får dei rett, så bør dei yngste ut og lage seg ein snø - eller sørpe-engel snarast råd, før det heile regnar bort.

Det er elles varsla om glatte vegar mange stader, og ein bør ferdast forsiktig om ein skal ut på vegane.

Artikkeltags