Vi vinn i vêrlotteriet framover

Frå Skåra på Årebrot 2019.

Frå Skåra på Årebrot 2019. Foto:

VÊR: Ein uvanleg vakker start på november har blitt vestlendingane til del, og det er langt frå slutt.

DEL

Starten på vinteren har levert gode dagar til vestlendingane vêrmessig, og vakthavande meteorolog Anne Solveig Andersen melder at det er gode sjansar for at vi får behalde det ganske langt framover.

– Det er eigentleg det ja. Det er venta at det vil bli tørt, med lite nedbør og forholdsvis kaldt. Det vil seie at det ser bra ut viss du ikkje er så glad i nedbør.

– Kor lenge kan vi forvente å få ha det slik?

– Det ser ut til å halde seg tørt ganske lenge. Det blir jo usikrare jo lenger fram ein kjem, men ser ut til at vi får iallfall ei veke og endå lengeer med veldig lite nedbør.

– Kaldt, seier du - kor kaldt då?

I går, måndag, hadde Florø lufthamn ein makstemperatur på 7 ghader, men det har vore ned i ei grad. Nett no, tysdag føremiddag, ligg det på 4 grader, men har vore ned i 0,3 grader i natt. Då var det veldig lite skyer, og det har betydning for kor låge temperaturane blir om natta. Men dagtemperaturane vil nok ligge på nokre få varmegrader, og endå litt lågare på natte- og morgontid, seier Andersen, som legg til at det skal lite vind til før ein merkar at det blir enno kaldare.

Då er det godt det blir lite vind for frosne vestlendingar:

– Det blir veldig lite vind. I periodar vil det komme ein frisk bris frå nord på kysten, men for det meste vil vinden ligge på bris og under det, avsluttar Andersen.

Det vil seie at du kan byte ut den evinnelege regnbuksa med varme vottar og skjerf. Det er vel i orden?

Artikkeltags