Er det håp om ei lysning i vêret?

Frå Tansøy.

Frå Tansøy. Foto:

VÊRET: Kan vi håpe på meir sol og varme, eller er det fram med den vasstette haustjakka no?

DEL

Gunnar Livik ved Meteorologisk Institutt seier at det ikkje er større håp om særleg mykje meir godvêr i kommande periode.

– Den dagen som stikk seg litt ut i næraste framtid, er torsdag. Den ser lovande ut med temperaturar på mellom 18 og 20 grader og søraustlege vindar, opplyser han, men legg til at tysdag og onsdag byr på regnbyger og mellom 13 og 15 grader.

– Deretter kjem altså ein fin torsdag, så kjem det regn natt til fredag. Deretter blir det mindre nedbør igjen på dagen fredag, sjølv om det ser ut som om vi går inn i eit våt helg. Det er ingen lange periodar med tørt og fint vêr å sjå i prognosane som går fram til neste torsdag.

Artikkeltags