Søndagen blei trasig, men hald ut til helga er over

Snørydding snø vinter

Snørydding snø vinter Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Søndag er det vanskelege køyreforhold i heile Sogn og Fjordane - verre jo lenger aust ein kjem, med omtrent alt av fjellovergangar anten stengde eller med kolonnekøyrering. Det skuldast ekstremvêret Cora, som herjar nord for oss, frå Møre og Romsdal og heilt opp på Helgelandskysten.

Sjå lista over vegane her.

Men når måndagen gryr kan vi sjå fram til null nedbør og lite vind så langt som varselet rekk, det vil seie fram til tysdag den 16. Temperaturen vil fram mot neste helg ligg nokre få grader over null, medan det førebels ser ut til at det blir litt kaldare frå laurdag av.

Grunnen til det langvarige gode vêret er eit høgtrykk som har bygd seg opp over Atlanteren, og som vil få senter over Sverige. Dermed vil det for lågtrykk som - som vanleg - pressar på frå vest.

Ein så lang periode med godvêr i januar er ikkje så vanleg på våre kantar, så det er berre å kle seg godt og nyte den kalde, friske lufta.

Artikkeltags