Meir regn - men kanskje litt lettare likevel

Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Det har komme heftige mengder med vatn ovanfrå den siste veka, og det er berre å fokusere på effekten det har på straumprisane, for det kjem meir.

Det blir ikkje like mykje som det tidvis har vore, og temperaturane blir gode - heilt opp i 18 grader no i starten av veka, lovar yr.no, men det søkk gradvis utover veka og fram mot helga må du ta fram den litt varmare jakka di - då lovar yr.no rundt 10 grader.

Men heile denne veka ser ut til å by på regn og regnbyger. Så langt fram som langtidsvarselet til yr går, er det dessverre ingen lovnader om sol og opplett.

Vinden held seg roleg, med laber til frisk bris, med unnatak for ein periode frå onsdag ettermiddag til torsdag føremiddag, då vinden kan komme opp i stiv kuling frå sørvest.

Artikkeltags