Høg fare for lyng- og skogbrann

Illustrasjonsfoto.
Foto: Ole-Johnny Myhrvold / Glåmdalen / NTB scanpix

Illustrasjonsfoto. Foto: Ole-Johnny Myhrvold / Glåmdalen / NTB scanpix Foto:

DEL

Den varme og vakre påska har ein biverknad: Det er blitt så tørt i terrenget at faren for lyng- og skorbrann er stor over nærast heile Sør-Norge.

For Vestlandet sin del vil heller ikkje den melde nedbøren seinare denne veka vere nok til at ein kan avblåse faren. Mest sannsynleg blir det nok til at brannfaren går ned ei stund, før den aukar igjen.

Dette skjer om du misser kontroll på bålet ditt

Allereie den 11. april var DSB-direktør Anne Rygh Pedersen ute og åtvara folk mot å ta sjansar ved å fyre opp bål ute.

– Om det ikkje kjem nedbør av betydning i tida framover, så er det ein ting å gjere: Legg igjen fyrstikkene heime.

Og det har ikkje regna sidan då, med unnatak av nokre dråpar i helga. 

Onsdag morgon melder NRK at 160 bustader er evakuerte i Sokndal kommune i Rogland grunna skogrannen som herjar der, og 150 brann- og redningsmannskap er i sving for å forsøke å få kontroll på flammane.

Innfører totalforbod mot open eld 

Meterologisk institutt har samanlikna årets påskevêr med tidlegare år, og det viser seg at påska 2019 vêrmessig dankar ut alle andre dei siste 50 åra, bortsett frå 2013. Dette gjeld Sør-Norge, skriv NRK.no.

Artikkeltags