Våte dagar i vente, men i neste veke lettar det litt

REGN: Ingen grunn til å droppe regnkle og paraply, for no blir det vått.

REGN: Ingen grunn til å droppe regnkle og paraply, for no blir det vått. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

VÊR: Kanskje bør du vurdere inneaktivitetar denne helga.

DEL

Regn, regn og atter regn. Slik lyder bodskapen frå meteorolog Gunnar Livik i Meteorologisk institutt fredag morgon når Firda spør om helgevêret.

Regnfull helg

Fredagen kan vi vente oss bygevêr og det er også ein liten fare for at det kan komme tore i byene.

Laurdag blir ganske lik fredagen.

– Vinden vil dreie over til søraust. Det blir bygevêr utover laurdag og natt til søndag.

Søndag føremiddag blir det litt lettare vêr, men det vil komme nokre dropar.

– Men så vil regnet auke på utover dagen og kvelden, seier Livik.

Det er venta mellom 20- 40 mm nedbør frå laurdag til søndag. Temperaturane vil ligge rundt 8- 12 grader.

Snøgrensa kan også krype ned mot 1000 meter.

Mindre regn i neste veke

Natt til måndag får vi endå meir regn og dette vil også henge med utover heile dagen. Sjølv om det blir vått tysdag og onsdag, blir det ikkje fullt så vått som i helga.

– Men heilt tørt kan vi eg ikkje love at det blir, seier meteorologen. 

Onsdag kan vi også vente oss høgre temperaturar. Det blir opp mot 18 grader på formiddagen.

Artikkeltags