Nyt sola i dag, for onsdag skal det hølje ned

VÅTT: Onsdag blir ein våt dag i Sogn og Fjordane.

VÅTT: Onsdag blir ein våt dag i Sogn og Fjordane. Foto:

VÊR: – Det blir ein veldig, veldig våt dag, seier meteorologen.

DEL

Sola har kika fram mange stader i Sogn og Fjordane tysdag morgon, og meteorolog Gunnar Livik ved Meteorologisk institutt kan love oss ein tørr og fin dag.

– Dagen ser bra ut, men nokre stader er det lokale tåkeskyer. Det blir skiftande bris og etter kvart sørleg bris, seier Livik til Firda.

Onsdagen blir svært våt

Temperaturane vil ligge på kring 15–16 grader. I indre strøk kan gradestokken nå 18–19 grader.

Utover tysdag ettermiddag blir det meir tilskya, men vi får periodar med sol.

Våtare skal det derimot bli natt til onsdag.

– Det kjem ein front og eit lågtrykk innover Norskehavet. Det fører til at vi får mykje nedbør i morgon. Det blir ein veldig våt dag. Onsdagen vil starte med sterk kuling på kysten og ein del utesette stader. 

Natt til torsdag og utover heile torsdagen held regnet fram, men ikkje like mykje som onsdagen.

Våt helg i vente

Om du er blant dei som ønskjer deg regn, har meteorologen godt nytt framfor helga:

– Det blir regnbyer utover fredagen og på laurdag. Søndag blir det tørrare, men her kan vi ikkje utelukke at det kan kome nokre dropar.

Temperaturane vil ligge på kring 12–13 grader dei neste dagane.

Artikkeltags