Meteorologen: – No kjem våren, og det var på tide

SOL: Slik ser langtidsvarselet ut i Førde.

SOL: Slik ser langtidsvarselet ut i Førde. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

VÊR: Frå tysdag av blir det sol og tosiffera plusstemperaturar. Og det skal halde seg i fleire dagar.

DEL

– Det blir framleis litt nedbør og fare for skodde måndag, men frå tysdag av byrjar det å ordne seg.

Det seier Frode Hassel, vakthavande meteorolog hos Vêrvarslinga på Vestlandet til Firda.

Andre dag med 10 grader

Det fine vêret skal etter prognosane halde seg til helga. Så ser det ut til å bli vêromslag.

– Temperaturane vil stige dag for dag. I låglandet kan vi få opp mot 15 grader torsdag og fredag. Temperaturane vil halde seg på plussida i kystroka på natta, men i indre strok kan vi framleis oppleve nattefrost, fortel Hassel.

Og vinden skal også stelle seg fint.

– Våren kjem, og det var på tide. Det har vore ein tørr og kald mars, og det er lenge sidan. Faktisk så var laurdag den andre dagen sidan januar at Bergen opplevde 10 varmegrader, og det seier jo ein del, seier Hassel.

Vurder om du skal skifte dekk

Måndag er det også tid for å skifte ut piggdekka, ifølgje regelverket. Piggdekk er nemleg ikkje tillete frå og med første måndag etter 2. påskedag. Likevel ber vegvesenet folk om å vurdere om det er forsvarleg.

– Med kuldegrader om natta kan smeltevatn som frys til is på vegane skape farlege situasjonar, seier Kjell Seim, leiar av trafikksikkerheitsseksjonen i Statens vegvesen region aust i ei pressemelding.

Han ber bilførarar gjere ei sjølvstendig vurdering før dei skiftar frå piggdekk til sommardekk. Roger Nedberge Hille, trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal, trur ikkje det blir piggdekkontroll dei nærmaste dagane.

– Det er sein vår, men til sjuande og sist er det føraren sjølv som har ansvar for å sko seg for føret, seier han.

Har du piggfrie vinterdekk er det derimot tillete å bruke dei utover våren, men ikkje for lenge.

– Piggfrie vinterdekk har dårlegare grep på våt asfalt enn sommardekk og blir for mjuke på varme dagar, seier Seim.

Artikkeltags