Inga trøyst i sikte; det blir vindfullt, grått og vått framover også

REGN: Det blir både grått og vått i Sunnfjord i dagane som kjem. Her frå Evja i Florø.

REGN: Det blir både grått og vått i Sunnfjord i dagane som kjem. Her frå Evja i Florø. Foto:

FLORØ: Det kjem til å halde fram med å regne.

DEL

Onsdag blei det registrert 39mm nedbør ved Svelgen II, der den næraste målestasjonen for nedbør ligg her i området. Og regnet som har prega dei siste vekene har ikkje tenkt å gje seg med det første. Det seier statsmeteorolog Anne Solveig Andersen til Firdaposten torsdag.

– Nei, men det går over til bygevêr og meir skiftande skydekke utover kvelden. På fredag blir det også skiftande skydekke med bygevêr, seier Andersen.

Frå ettermiddag vil vinden dreie mot nordleg stiv og sterk kuling på kysten, men så minkar den utover fredag før den dreier på sørvest utpå kveldar.

Helga ser ikkje vidare solrik ut. Då er det på'an igjen med regn.

– Til helga er det nok ein gong regn. Det er lågtrykk det går i for tida. Einaste gløttet av sol så vidt eg kan sjå, er fredag innimellom bygene, seier Andersen.

Og neste veke er like trøysteslaus.

– Det vil ikkje regne heile veka, men det vil bli nedbør. Kanskje litt lettare på måndag, seier ho.

Artikkeltags