I dag blir det vått

– Det er litt av og på-vêr om dagen.

DEL

Det konstaterer statsmeteorolog Bente Waahl til BA tysdag ettermiddag.

– Det kjem eit lågtrykksystem i løpet av onsdag. Det blir skya og synnavind. Det vil komme ein god del nedbør, særleg på ettermiddagen og i løpet av kvelden.

Temperaturen i Florø vil ligge på mellom 11 og 15 grader. Men heldigvis går regnbygene fort over.

– Den verste nedbøren vil avta i løpet av kvelden, seier ho.

På torsdagen vil det «henge igjen litt småtterier» frå gråvêret på onsdag.

– Det blir ein del byger, men det vil nok klarne opp i løpet av ettermiddagen. Det er litt vanskeleg å seie når lågtrykket passerer, men det kan bli litt sol, seier Waahl.

På fredagen får vi en velfortjent pause frå nedbøren. I Florø er det meldt mellom 9 og 16 grader og svak vind frå austleg retning. Gleden blir imidlertid kortvarig.

– Det ligger eit anna lågtrykk ved Island. Vi er litt usikre på det, men frontene derfrå kan sveipe over Vestlandet.

Artikkeltags