I dag blir det varmt!

VARMT: Torsdag blir ein varm dag! Men den ser også ut til at det kan bli overskya...

VARMT: Torsdag blir ein varm dag! Men den ser også ut til at det kan bli overskya... Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

VÊR: Meteorologen melder at det kan bli opptil 18–19 grader i torsdag, men regn frå kvelden og utover helga.

DEL

– Det blir ein fin dag mange stader. Det er moglegheiter for tåke første delen av morgondagen, men etter kvart kan det komme opp i 18–19 grader.

Det seier Eldbjørg Moxnes, vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt til Firda onsdag kveld.

Det ser ut til at det blir overskya, men at sola kan syne seg fram utover dagen, og dei høgaste temperaturane kjem i ytre strøk. Dette vil bli avløyst av regn på kvelden. Det kjem litt sønnavind, og det kan blåse opp i stiv kuling dei stadene der sønnavinden tek tak. Dette vil minke av i morgon kveld.

– På fredag blir det periodar med regn. Sønnavinden kjem opp i frisk bris, liten kuling og moglegheiter for tåke utover dagen, seier Moxnes.

På laurdag ser det ut som om det blir litt regn første delen av dagen, avløyst av byer laurdag ettermiddag. Søndag kan det bli spreidd regn, men ikkje store mengder. I neste veke ser det ut til at det blir ein del regn.

Artikkeltags