Her var det varmast i fylket

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Månadstemperaturen for hele landet låg 4,6 grader over normalen i desember, viser ferske tal frå Meteorologisk institutt som NTB viser til.

Relativt varmast var det i indre strøk av Austlandet, særleg i høgareliggande område, og på enkelte stasjonar i Nord-Norge. Avviket utgjorde 6–7 grader, heiter det på nettsida.

Månaden er dermed blant de 10 mildaste desember-månadene i ein serie som går tilbake til 1900.

Varmast

De varmaste målestasjonane var Ytterøyane fyr i Flora, Sogn og Fjordane som registrerte 7,3 plussgrader (3,6 over normalen). Svinøy fyr i Herøy, Møre og Romsdal med 7,2 plussgrader (3,3 over normalen) og Fedje i Hordaland med 7,1 plussgrader (3,5 over normalen).

Høgste maksimumstemperatur, 18,1 plussgrader, blei registrert 30. desember på Sunndalsøra i Sunndal, Møre og Romsdal.

Blant dei våtaste

Også nedbørsmessig skilte fjorårets desember seg ut. Månaden er blant de ti våtaste for desember i serien som går tilbake til 1900.

Relativt våtast var det på enkelte stasjonar i Trøndelag og Nord-Norge, med 250–300 prosent av normalen. Fleire stasjonar på Austlandet fekk under 25 prosent av den normale månadsnedbøren.

Temperaturen på jorda låg i 2015 1,0 grad over nivået på slutten av 1800-talet. Temperaturauken i Arktis har vore omtrent det dobbelte. Mesteparten av auken sidan 1950-talet er høgst sannsynleg menneskeskapt, ifølge FNs klimapanel (IPCC). (©NTB)

Artikkeltags