Den første vinterstormen har sett alle nordsjøhelikoptra på bakken. Meteorologane kan ikkje love betre vêr

INGEN AVGANGAR: Den sterke vinden til sjøs gjer at nordsjøhelikoptra står på bakken tysdag. I dagane som kjem er vinden venta å halde seg sterk.

INGEN AVGANGAR: Den sterke vinden til sjøs gjer at nordsjøhelikoptra står på bakken tysdag. I dagane som kjem er vinden venta å halde seg sterk. Foto:

FLORØ: Dagane framover blir vindfulle.

DEL

Meteorologisk institutt varslar om kraftige vindkast frå sør og søraust for Vestlandet sør for Stad frå tysdag og utover veka. Vindkasta vil variere frå kring 27 m/s i indre strøk og opp mot 33 m/s langs kysten. Dei ber også folk om å sikre lause gjenstandar som kan fyke vekk i vindkasta.

– Den sterke vinden som er no, og den som er varsla, vil forhåpentlegvis ikkje få den store innverknaden på flytrafikken, seier Ragnor Andreassen i Florø Flyservice. Ingen avgangar er innstilt, alle ruter går så langt som oppsett. Men alle nordsjøhelikopter står på bakken tysdag.

Vinden vil halde ekspressbåtane ved kai i ettermiddag

Vindauke

Allereie tysdag føremiddag har vinden byrja auke. Ved Florø lufthamn er middelvinden klokka 12.30 «berre» liten kuling. Men vindkasta som er målt der er opp mot stiv kuling. Utover kvelden vil middelvinden auke til stiv kuling 16 m/s på utsette stader i Florø med vindkast opp mot storm styrke – avhengig av kor utsett ein ligg til.

– Det er venta mindre vind dei stadene som er i le for sønnavinden. Florø er litt «innanskjers» i dette tilfellet, så det blir ikkje så aller verst der. Men vinden kjem til å auke utover kvelden før den spaknar att rundt midnatt. Og det blir ikkje så mykje rolegare dei kommande dagane, seier statsmeteorolog Kristin Seter og presiserer:

– Både onsdag og torsdag blir det periodar med storm på kysten. Lågtrykket som ligg utanfor kysten no kjem til å ligge her ei stund, og sjølv om det ser ut til å bli mest vind i dag tysdag, blir det mykje vind i dagane som kjem.

Held seg vindfullt

Onsdag melder yr.no at middelvinden vil ligge på mellom 13 og 17 m/s i Florø, altså mellom liten og stiv kuling – men altså med sterkare kastevindar. Torsdag er det venta vind opp i sterk kuling 18 m/s frå sør, også med vindkast som kan komme opp i storm. Kor sterke vindkasta kjem til å bli, er ikkje så lett å spå. Men ein tommelfingerregel når ein skal forsøke å rekne ut dette, er å gonge middelvinden som er spådd med mellom 1,5 og 2, alt avhengig av kor utsett plassen er.

Prognosane er framleis usikre, men det ligg an til ei betring i helga. Lågtrykket trekkjer seg unna, og det ser ut til at vi får austavind og klårvêr. Det blir likevel ikkje vindstille, det blir både surt og kaldt.


Artikkeltags