Seinare i dag kjem resten av den tropiske orkanen «Oscar» til kysten vår

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

I helga vil vi få kjenne restane av den tropiske orkanen «Oscar» som har herja i Karibien i det siste. Det melder meteorologisk institutt.

I løpet av laurdag og natt til søndag vil det blåse godt her på kysten, men den vil ikkje komme opp i orkan styrke – «berre» storm. Det meste av nedbøren held seg ute i havet, men det blir vått på land også.

Laurdag vil dessutan regn som frys til is på bakken gje lokalt vanskelege køyreforhold i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Artikkeltags