No får du to dagars pusterom før neste storm kjem

LAURDAG: Laurdag er det venta storm og mykje regn.

LAURDAG: Laurdag er det venta storm og mykje regn. Foto:

FLORØ: Endå eit kraftig lågtrykk er på veg.

DEL

Det blåste friskt i Florø onsdag. Men torsdag og fredag blir det mykje rolegare. Først spaknar vinden og bygene på torsdag, og fredag blir eigentleg ganske så fin. Det kjem kanskje ei og anna koseleg byge, men mest frå Stadt og nordover.

– Så, frå fredag kveld, aukar vinden på frå sør – og det kjem til å blåse kraftig, opp i storm styrke. Og det kjem til å regne mykje, seier statsmeteorolog Ina Ynnesdal ved StormGeo.

Laurdag blir det sørleg storm, og søndag snur den til vestleg men då som kuling med byger.

– Så det blir innevêrshelg denne helga, men når det er sagt får vi eit pusterom torsdag og fredag til å rydde i hagen etter stormen som var, avsluttar Ynnesdal.

Artikkeltags