Den verste nedbøren er over, men det blir likevel ei våt festivalhelg.

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Skal du på Sildebord eller på Kinnaspelet, bør du finne fram regnklede.

DEL

Ut frå dei enorme nedbørsmengdene som har komme det siste døgeret, har vi tydelegvis mykje nedbør å ta att etter ein månad med sol og middelhavstemperaturar. Og vått kjem det til å vere også denne helga og vidare ut i neste veke.

Frå klokka 08.00 torsdag morgon til 08.00 fredag har dei fleste delane av Sogn og Fjordane fått i overkant av 20 mm nedbør. Det fortel statsmeteorolog Mette Skjerdal ved Vervarslinga på Vestlandet.

– Og det har vore mykje vind. Kråkenes hadde middelvind av sterk storm styrke, medan Ytterøyane fyr hadde sterk kuling i går og i dag. Ved Florø lufthamn er det derimot målt opp mot stiv kuling, seier Skjerdal.

Heldigvis skal både regnet og vinden løye.

– Vinden vil minke til frisk bris utover fredagen, og det vil framleis vere bygevêr, men ikkje så kraftig som det vi har hatt dei siste dagane. Det vil nok bli mest byger i indre strøk av Sogn og Fjordane, seier Skjerdal.

– Det er merkeleg dette; Sildebordet har ein eigen evne til å unngå uvêr, og det slår til i år og, svarar Arild Melvær i Sildebordkomiteen og legg til:

– Sildebordet har aldri blitt avlyst på grunn av vêret, og det blir Sildebord i kveld også!

Når det gjeld Kinnaspelet, ser laurdagen ut til å bli grå og våt. Det er og tilfelle for søndagen.

– Men vêret ser ut til å vere relativt greitt tidleg på dagen, før det på ny kjem nedbør frå sør. Og når det gjeld neste veke, ser det generelt grått og vått ut då også, dessverre, seier statsmeteorolog Mette Skjerdal.

Artikkeltags