Nytt ras i Jølster – ein bil skal vere teken og ein person er hamna i vatnet

Av

Redningshelikopter og redningsdykkarar er sendt til staden.

DEL

Eit nytt ras har gått i Jølster tysdag kveld, skriv firda.no.

Alarmsentralen i Florø fekk melding om raset klokka 20.50, og det skal vere snakk om store jordmassar som har rasa ut i vatnet.

Vaktleiar Jan Gunnar Holvik ved Alarmsentralen i Florø fortel at ein bil skal vere teken i raset.

Det var først meldingar om at to bilar var tekne, men dette vart korrigert til å vere ein bil med hengar.

– Ein person skal også ha hamna i vatnet, seier vaktleiaren.

Lokale båtar reiste til rasstaden for å assistere.

Det er også sendt eit redningshelikopter og redningsdykkarar frå Ålesund og Måløy.

SISTE: Fv. 451 på sørsida av Jølstravatnet er no heilt stengd for lokal trafikk/omkøyring grunna flaumskredet, melder Statens vegvesen.

Artikkeltags