NVE: Store nedbørsmengder fører til rasfare på Vestlandet torsdag

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

NVE gjekk onsdag ut med eit gult skredvarsel for Vestlandet. Skredvarselet varer frå torsdag kveld til fredag morgon.

Årsaka til varselet er at det er venta mellom 40 til 60 mm regn frå torsdag morgon, lokalt opp mot mellom 60 og 80 millimeter nedbør i løpet av 24 timar. Nedbøren er venta å vere meir intens torsdag kveld og natt til fredag.

Frå før er bakken metta med vatn. I tillegg vil varmare luft på fjellet føre til snøsmelting og meir vatn i elver og bekkefar.

Artikkeltags