Slik unngår du at lynnedslaga tømmer lommeboka di

ENORME KREFTER: Her slår lynet ned utanfor Florø ei natt i midten av juni. Energien som vert utløyst kan føre til store skader både på deg sjølvog bustaden din, om du ikkje sikrar deg som best du kan.

ENORME KREFTER: Her slår lynet ned utanfor Florø ei natt i midten av juni. Energien som vert utløyst kan føre til store skader både på deg sjølvog bustaden din, om du ikkje sikrar deg som best du kan. Foto:

Av

Over ei dobling av talet på lynnedslag er fasiten så langt i 2018 - og det før høgsesongen for lyn og torever på Veslandet slår inn.

DEL

Å bli slegen til bakken av lynet er ikkje særleg helsebringande - men heller ikkje så store sjansar for. Derimot er sjansane større for at huset ditt ein gong kan oppleve å bli treft av lynet - eller i alle fall bli utsett for påkjenningar som øydelegg både straum- og datalinjer, og dyrt elektrisk utstyr. Og i år verkar risikoen større enn på lenge.

Allereie i slutten av juli har Meteorologisk institutt registrert dobbelt så mange lynnedslag i Norge som i heile fjor. Når vi i tillegg veit at det hausten og vintermånadene som byr på mest torever på Vestlandet, kan vi gå mot ein sesong som blir dyr både for forbrukarar og forsikringsbransjen.

- Åtte av av 10 lynskader blir melde til oss på seinsommaren og om hausten. Juli, august og september er høgsesong landet sett under eitt, seier brannekspert i Frende Forsikring, Odd Magne Skjerping, til NTB.

I slutten av juli 2018 hadde lynet slått ned i bakken  110.300 gonger her i landet.

Talet på lynnedslag i utgangen av juli var høgare enn årstotalen for 2015, 2016 og 2017. Ingen av de tre siste åra bikka totalen 100.000 lynnedslag.

Dette er dei typiske lynskadane 
 

- Det mest vanlege er brannskader. Det blir også meldt om mykje øydelagte matvarer i kjøleskap og frys, seier Skjerping i Frende Forsikring.

Andre gjengangarar er skader på elektronikk som tv og datamaskiner.

- Hugs at lynet kan skade alt som er kopla til ein stikkontakt. Ein ladar som står i veggen blir øydelagt sjølv om du ikkje lader mobilen når lynet slår ned, seier branneksperten.

Sjølv om lyn- og toreaktiviteten er stor i år, er vi langt unna toppåret 2014. Det var eit eksepsjonelt år med totalt 739.762 lynnedslag.

- Då blei det meldt over 18.000 skadar og over 500 millionar kroner blei betalt ut frå forsikringsselskapa, seier Odd Magne Skjerping.

I 2017 var erstatningssummen på 137 millionar, og i 2016 227 millionar.

- Det er ikkje godt å seie kvar vi hamnar i 2018, men sidan talet allereie har passert fjoråret kan nok dette bli eit av dei verre åra, seier Frendes brannekspert.

Heldigvis er det sjeldan at lynnedslag gir personskader. Tal fra Statistisk sentralbyrå viser at tre personar er drepne av lynnedslag i Norge mellom 1996 og 2013.

Lyn og brann er dekt av forsikringa
 

Vsis tinga dine blir skadd etter lynnedslag er du dekt gjennom innboforsikringen din. Skadar på bygning er dekt med ein hus- eller hytteforsikring.

- Skadane blir dekt under brannforsikringa, som er ein obligatorisk del av forsikringen. Viss fryseboksen din blir øydelagt, blir også innhoadet erstatta, seier Skjerping. 

Tips og triks ved lyn og torden

  • Installer overspenningsvern i sikringsskåpet
    Dette gjer at sikringen koplar seg ut ved overbelastning som lyn og torden. Dei fleste lynskader kunne vore unngått med riktig installert overspenningsvern i sikringsboksen.
  • Trekk ut kontakten
    Viss du ikkje har overspenningsvern, trekk ut støypsel frå stikkontaktane på ulike elektriske anlegg som TV, radio, PC, ruter, musikkanlegg, kvitevarer og mobiltelefonar på lading når det smell. Frysar og kjøleskap kan også bli øydelagt, men hugs å ikkje kople ut desse.
  • Bruk ekstern ladar og datatrafikk 
    Vsis du treng å bruke nett og straum medan det står på som verst kan du bruke ein ekstern ladar og datatrafikk på mobilen. Då kan du anten sjå på mobilskjermen eller du kan bruke delt internett.
  • Hugs at lynet stort sett slår ned i det høgaste punktet 
    Så ikke ver det høyeste punktet, til dømespå ein fjelltopp, på ei golfbane eller i ein båt på sjøen. Av same årsak bør du også unngå å stille deg under eit tre ute på eit jorde.
  • Dropp paraply og fiskestong 
    Hugs at også desse gjenstandane kan stikke opp i terrenget og leie lynet. Då er det betre å bli våt og kome heim utan fisk.
  • Det er tryggare i bilen enn ute
    Årsaka til det er at lynet vil følgje karosseriet utvendig og til bakken viss bilen din blir treft.
  • Ikkje bad når det lynar
    Vatn leier elektrisitet, så difor bør du ikkje bade. Lyn kan også følgje vassrøyr i huset, så du bør heller ikkje bade i badekar når lynet står på som verst.
  • Bruk mobiltelefon
    Du kan fint bruke mobiltelefon som ikkje står til lading under torever, men ikkje bruk fasttelefon.

Artikkeltags