Skalk luker og sjekk fortøyingar, snart kjem eit brøl frå nord

STERK KULING PÅ VEG: Kald og sterk vind, kanskje med snø på kysten, er på veg mot oss i løpet av torsdag ettermiddag og kveld.

STERK KULING PÅ VEG: Kald og sterk vind, kanskje med snø på kysten, er på veg mot oss i løpet av torsdag ettermiddag og kveld. Foto:

FLORØ: Fredag ettermiddag treff eit kraftig uvêr kysten av Sogn og Fjordane.

DEL

Frå 15-tida torsdag vil eit lågtrykk med kraftig vind og nedbør endre versituasjonen vår raskt. Det er ifølgje Meteorologisk institutt restane, eller halen av eit kraftig lågtrykk som har ligge ved Skottland, som no skal piske over vestlandskysten.

Vindstyrken vil auke utover torsdags ettermiddag og kveld, og rundt midnatt vil vindstyrken nå opp mot sterk kuling, og han kjem frå nord.

Det betyr fallande temperaturar, og ein litt «omvendt» vêrtype: Det vert kaldare på kysten enn i innlandet. Dermed kan vi oppleve at det snør ute i havgapet, medan innlandet får regn.

Vindstyrken vil nå maks rundt midnatt og litt inn i natta, samtidig med at floa er på sitt høgste. Det kan difor vere greit å sjekke båtar, fortøyingar og rydde unna solstolen du i ein augneblinks overmot kanskje henta fram tidlegare i veka.

Trøysta er at uvêret er av det korte slaget. Utpå fredagskvelden roar det seg, og i staden for sludd og blåst, så får vi ei kuldebølgje. Både søndag og måndag er det spådd ned mot ti minusgrader i kystområda våre.

Artikkeltags