Nyt sola i dag, for onsdag kjem skyene

SOL: Det blir sol og fint vêr resten av dagen, men i morgon kjem skyene.

SOL: Det blir sol og fint vêr resten av dagen, men i morgon kjem skyene. Foto:

Pride-arrangementet i Førde kan bli vått.

DEL

– Vêrmessig ser det eigentleg ganske så greitt ut framover for Florø og Bremanger sin del. Men tysdag blir nok den beste dagen denne veka, seier statsmeteorolog Magni Svanevik til Firdaposten tysdag ettermiddag.

For i dag skin sola frå skyfri himmel, og gradestokken viser over 21 grader. Men onsdag skyar det over, og sjølv om temperaturane held seg opp mot maks 15 grader i ytre strøk, er det utrygt for regn. Havtemperaturen gjer også til at det blir kaldare på kysten enn inne i landet, der temperaturen kan komme opp mot 20 grader. Men om det blir varmare inni landet, er det også meir utrygt for regn der.

– Onsdag skal det skye til i Sunnfjord, men det ser ut som om regnet vil halde seg til dei indre delane av fylket. Men på torsdag kjem det eit nyt nedbørsområde, så då blir det litt regn, seier Svanevik.

Det vil også blåse litt på kysten. Vinden kan komme opp i frisk bris til liten kuling i dag tysdag, men i morgon blir vinden rolegare.

Når det gjeld torsdag fram over helga ser det ut som om det blir litt regn. Det er ingen høgtrykk som bygger seg opp. Torsdag og fredag blir det bygevêr. Når det gjeld Pride-arrangementet i Førde laurdag, kan vi vente nokre dropar.

– Det er vanskeleg å spå laurdagsvêret i Førde heilt nøyaktig, men det er eit lite lågtrykk som er på veg oppover med regn. Desse lågtrykka er ubereknelege, så vi kan vere heldige ved at den går sør for oss i staden. Men per no ser det ut som om det kjem med regn. Men samstundes blir det kring 20 grader i Førde på dagtid, seier Svanevik.

Artikkeltags