I dag blir siste finvêrsdagen. I morgon kjem regnet

SKYFRI HIMMEL: Dei siste dagane har vi vore velsigna med strålande vêr. Men fredag kjem regnet att.

SKYFRI HIMMEL: Dei siste dagane har vi vore velsigna med strålande vêr. Men fredag kjem regnet att. Foto:

FLORØ: Helga ser ut til å bli både våt og kald.

DEL

Vel, vi er i haustmånaden september, så vi visste finvêret ikkje kom til å vare. Men fredag er det altså slutt for denne gongen, stadfestar meteorolog Geir Ottar Fagerlid.

– Det ligg an til at vi skal få fint vêr heilt til og med torsdag. Men på fredag skyar det til, og det skal byrje blåse, og det kjem mellom 5 og 10 millimeter regn. Regnet held fram gjennom helga, men ikkje i store mengder. Vi reknar med at det kjem under 15 mm både laurdag og søndag, seier Fagerlid.

I ytre del av Sunnfjord er det også fare for havtåke.

– Over helga er det venta å bli betydeleg kjøligare. Vi ventar vind i kuling styrke som kjem frå nord, og dei tek med seg spreidde byger. Snøgrensa kryp også nedover, men om det kjem ned til låglandet langs kysten står att å sjå, seier Fagerlid.

Artikkeltags