Beskjed frå meteorologen: Nyt helga. Det vil ta slutt

FIN HELG: Helga blir flott, men så byrjer det å bli kaldare.

FIN HELG: Helga blir flott, men så byrjer det å bli kaldare. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

VÊRET: Helga blir flott, men frå måndag går det nedover.

DEL

– Det er lurt å nye helga, men det ser ikkje gale ut neste veke heller. Men det blir ikkje så varmt som vi har hatt det no.

Det seier Anne Solveig Andersen, vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet til Firda torsdag ettermiddag.

Gjennom helga melder ho same vêret som torsdag: Over 20 grader og sol. Men etter helga vil temperaturane gradvis går nedover. Måndag vil det kanskje komme opp i 20 grader, men tysdag er det mindre truleg. Ut i veka vil temperaturane falle til nærare 15 grader.

Regn?

Etter fleire veker utan regn i syne, er det nokre regndropar i skimte i varselet for søndag. Men ifølge Andersen er det truleg ingenting å uroe seg for. Mai-vêret knuste varmerekord frå 1954

– Det kan vere det kjem nokre små byer, men det er større sjanse for at desse kjem lengre sør for dykk.

Men til neste helg er det reell sjanse for regn.

– Då er det sjanse for at det kjem noko nedbør. Men det er framleis ei stund til, så det er usikkert.

Brukt opp sommaren?

– Har vi brukt opp sommaren?

– Det er vanskeleg å seie. Mange seier at dersom vi har ein fin mai, er det større sjanse for ein fin juni. No er vi jo godt inne i juni, men det finst ingen statistisk samanheng mellom juni, juli og august, fortel Andersen.

– Vi kan rett og slett få kva som helst! Vi må berre vente og sjå, avsluttar ho.

Klar for eit bad? Vi har sjekka badetemperaturar: – Nett som i Syden! 

Artikkeltags