Spår tre cm med regn på få timar

HENT FRAM PARAPLYEN TIL LUNSJ: Etter klokka 12 tysdag, er det venta store nedbørsmengder i Florø og på kysten av fylket.

HENT FRAM PARAPLYEN TIL LUNSJ: Etter klokka 12 tysdag, er det venta store nedbørsmengder i Florø og på kysten av fylket. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Om meldingane slår til, blir det årets skybrot på kysten tysdag ettermiddag.

DEL

Lenge har dei meldt mykje regn, meteorologane. Men stort sett har det blitt med småskurer, ofte langt mindre enn kva mange både håpa og venta på.

No prøver dei seg igjen: Frå lunsjtider søndag og til i sekstida, er det spådd over 25 millimeter regn, og nedbøren kan få følgje av lyn og torever, skriv yr.no.

Likevel vil temperaturen halde seg rundt 20 grader, og noko langvarig grisever er det ikkje snakk om. Allereie onsdag spår meteorologane sol igjen, frå nesten skyfri himmel.

Artikkeltags