Slik blir det så langt meteorologane kan sjå - men med eit lite unnatak

Sola står opp over Storevatn kl. seks om morgonen 8. mai. Og slik blir det mange dagar framover, lovar meteorologane.

Sola står opp over Storevatn kl. seks om morgonen 8. mai. Og slik blir det mange dagar framover, lovar meteorologane. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Det gode vårveret er endeleg på plass på kysten.

DEL

Meteorologane lovar oss strålande ver dei komande ti dagane - men må ta atterhald for ein enkeltdag, nemleg førstkomande torsdag. Då skal det regne, og regnet vil først gje seg fredag morgon.

Med det vesle unnataket, ser det ut til at forsommaren er over oss. Temperaturar opp mot 16 grader i skuggen, ingen nattefrost og lite vind, gjer den komande veka perfekt om du har tenkt deg i hagen og på hagesenteret for å blakke deg.

Vindstyrken den neste veka er i realiteten ingenting å snakke om. Svak vind, seier meteorologane, med vindstyrke mellom ein og tre sekundmeter, litt varierande i retning.

Dermed er det berre å nyte veret, som faktisk ser ut til å halde seg slik også inn i nasjonaldagsfeiringa.

Artikkeltags