Her var det varmast i landet i desember

VARMASTE DESEMBER: Ytterøyane fyr var Norges varmaste stad i desember 2019, med ein snittemperatur på 6,5 plussgrader.

VARMASTE DESEMBER: Ytterøyane fyr var Norges varmaste stad i desember 2019, med ein snittemperatur på 6,5 plussgrader. Foto:

FLORØ: Snitttemperaturen for desember månad var høg over heile landet. Aller høgast var den på Ytterøyane fyr.

DEL

Gjennom desember månad var snittemperaturen på målestasjonen ved Ytterøyane fyr utanfor Florø, 6,5 plussgrader. Det er 2,8 grader over normalen, viser tal frå Meteorologisk institutt. Det gjer Ytterøyane til den varmaste plassen i Norge i desember; ein desember som var spesielle på mange måtar.

Sidan temperaturmålingane blei systematisert her i landet i år 1900, har det kun ni-ti gonger vore like varmt i desember som i 2019. Også andre stadar, særleg langs vestlandskysten blei julemånaden svært så mild, og dagsrekorden blei registrert i Valldal på Sunnmøre med over 14 plussgrader.

Med varme kjem også fukt og nedbør. Enkelte plassar fall det 3,5 gonger så mykje regn og snø som normalt, og månadsnedbøren for desember i heile landet var 140 prosent over normalnedbøren, viser tal frå yr.no.

Om du lurer på kvar det var kaldast i desember, så var det kanskje ikkje så uventa Karasjok. Her enda gjennomsnittleg temperatur i desember på minus 9,2 grader. Om du synest det høyrest hustrig ut, så er alt relativt. Minus 9,2 er nemleg 6,1 grad varmare enn kva som er snittet i Karasjok i desember.


Artikkeltags