Fyrverkeriet går etter planen, om ikkje vinden aukar på.

VÅTT: Det er enno uklart om det blir rakettoppskyting etter barnekjippen som planlagt, på grunn av vind og regn. Her frå 2015, som var eit vått og kaldt arrangement.

VÅTT: Det er enno uklart om det blir rakettoppskyting etter barnekjippen som planlagt, på grunn av vind og regn. Her frå 2015, som var eit vått og kaldt arrangement. Foto:

Av

FLORØ: Meldt om vindkast opp i full storm.

DEL

Regnet og vinden som er ute no, lover ikkje godt for oppskytinga av nyttårsrakettar i kveld. Det kan difor hende at oppskytinga blir avlyst, sa brannsjef Robert Endestad i Flora brannvesen til Firdaposten måndag morgon, men klokka 17.00 er meldinga frå brannsjefen noko meir optimistiske.

– Barnekjippen går klokka 20.00, og vi skal i utgangspunktet skyte opp rakettane 20.15. Vurderinga no er at vinden har løya litt, så vi gjer eit forsøk, seier Endestad før han understrekar at dei skal vurdere situasjonen på nytt klokka 20.15.

– Det er framleis tre timar til, og vêret kan endre seg på den tida. Vi tek ei ny vurdering av situasjonen klokka 20.15.

Sjølv om vurderinga no altså er at det blir fellesfyrverkeri som planlagd, er alt opp til vêrgudane. For prognosen lovar vind. Mykje vind.

– De kan vente dykk mykje vind til midnatt, det er det ingen tvil om, seier statsmeteorolog Lars Andreas Selberg ved Vervarslinga på Vestlandet.

For eit lågtrykk som ligg aust for Island er på full fart over til Finland, og det fører med seg både høgare temperaturar og ganske mykje nedbør og vind.

– Når det gjeld vinden er det venta at den aukar på i ettermiddag. Middelvinden vil ligge på stiv til sterk kuling seint i kveld, og på dei mest utsette plassane kan det hende at vinden kjem opp i liten storm i ein periode. Ved Florø lufthamn vil det i ettermiddag vere vindkast på mellom 20 og 25 m/s, og rundt midnatt kan de rekne med vindkast opp mot 25 m/s. Vidare utpå natta kan det hende at vindkasta kjem opp i 30 m/s, altså sterk storm. Utover natta vil vinden minke, før den aukar kraftig tidleg på morgonen. Då kan den komme opp i liten og periodevis full storm på kysten, seier Selberg.

Meteorologisk institutt har også sendt ut gult farevarsel for nedbør. Varselet gjeld frå i dag føremiddag til seint i kveld.

– I Sogn og Fjordane kan ein rekne med nedbørsmengder på mellom 50 og 70 millimeter i løpet av 12 timar. Det blir også varmare. Det gjer at snøgrensa trekker opp til 1000 meter. Men i kveld minkar temperaturen, då kryp snøgrensa ned til 600 meter. Og den vil halde fram med å krype nedover. Seint ettermiddag og kveld tysdag kan ein rekne med at nedbør kjem som snø i låglandet, seier Selberg.

Artikkeltags