Ver på vakt om desse kjem

FAKTURA: Eit eldre ektepar i Florø fekk faktura i postkassa saman med eit armband til ein pris av 400 kroner, saman med eit angrerettskjema som må nyttast innanfor fjorten dagar. For å få omgjort kjøpet må armbandet og skjemaet sendast i retur, noko som moglegvis fører til at fleire vel å ikkje returnere og  like gjerne betaler beløpet. Ifølgje kjelder er det fleire som berre har betalt fakturaen, sjølv om dei meiner dei ikkje har samtykka til kjøpet.

FAKTURA: Eit eldre ektepar i Florø fekk faktura i postkassa saman med eit armband til ein pris av 400 kroner, saman med eit angrerettskjema som må nyttast innanfor fjorten dagar. For å få omgjort kjøpet må armbandet og skjemaet sendast i retur, noko som moglegvis fører til at fleire vel å ikkje returnere og like gjerne betaler beløpet. Ifølgje kjelder er det fleire som berre har betalt fakturaen, sjølv om dei meiner dei ikkje har samtykka til kjøpet. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Fleire eldre i Flora har teke imot fakturaer for kjøp og donasjonar dei ikkje kan minnast å takka ja til.

DEL

Har du motteke ein faktura, saman med eit armband og eit angrerettskjema du ikkje kan huske at du har gått med på å få? Då bør du vere på vakt. Utifrå det Firdaposten kjenner til, har fleire eldre fått tilsendt ein faktura i posten på vegner av organisasjonen Puerto de Suenos via telesalselskapet Scandinavian Sales Consultants Limited. Historia bak selskapet er lang, og fleire aviser på Austlandet har omtalt selskapet som samlar inn pengar med indikasjonar om at bedrifta ikkje følgjer alle spelereglane.

Rettar seg mot pensjonistar

Eit eldre ektepar i Flora, som ikkje ønskjer å stå fram i avisa, vart forundra når faktura, angreskjema og eit typisk «syden-armband» dala ned i postkassa. Utan minne om å ha snakka med nokon på telefonen eller kva det gjaldt var dei usikre på kva dei skulle gjere. Angrerettskjemaet viser til «inngått avtale» i byrjinga av juni, og er såleis juridisk bindande. Ei sikker kjelde i Florø fortel at også andre har fått liknande krav frå selskapet, og fleire har betalt fakturaen.

Fleire klager på selskapet

Selskapet skal ifølgje fleire medium rette seg mot pensjonistar. Forbrukarombodet seier til avisa Gudbrandsdølen Dagningen at dei fekk fleire klager på dei to prosjekta frå 2013 og fram til mars i år, og desse kom hovudsakleg frå eldre som meinte seg urettmessig fakturert. Klagene var knytt både til Scandinavian sales og eit tilknytt selskap kalla European Consulting Group. Sistnemnde vart slått konkurs i mars av skattestyresmaktene, men like etter vart eit nytt selskap etablert, Mjøsbyene Kundesenter, som har same eigar, same tilsette og i same lokale.

Manglande dokumentasjon

Organisasjonen har ikkje oppført rekneskap i offentlege register eller er registrert i Innsamlingskontrollen. Til avisa Gudbrandsdølen Dagningen sa dagleg leiar i Innsamlingskontrollen Børre Hagen at ein kan stille spørsmålsteikn ved kor stor del som faktisk går til prosjekta.

– Vi snakkar nok ikkje om kakestykker, men meir om smular, fastslår Hagen.

Firdaposten har ikkje lukkast å få kontakt med eigar og dagleg leiar Ronny Undseth i Scandinavian Sales fredag ettermiddag.

Artikkeltags