Ventar 25 veteranskip

STOR FEST: Sander Ødelien i Atløys Venner og Øyvin Konglevoll i veteranlaget for "Stavenes",  har planane klare for å fylle vika med veteranbåtar og gamle damparar. Fjordsteam kan fort bli det folk vil hugse aller best frå 150 års-feiringa av byen.

STOR FEST: Sander Ødelien i Atløys Venner og Øyvin Konglevoll i veteranlaget for "Stavenes", har planane klare for å fylle vika med veteranbåtar og gamle damparar. Fjordsteam kan fort bli det folk vil hugse aller best frå 150 års-feiringa av byen. Foto:

Av
Artikkelen er over 7 år gammel

«Fjordsteam» kan fort verte den største folkefesten når Florø skal feire byjubileet i eit heilt år.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

– Tenk deg synet av 25-30 veteranskip som kjem sigande inn til Florø til hornmusikk 5. august, saman med M/S «Atløy», Norges største attverande dampskip, «Stord», og i følgje med ein stor fritidsflåte, seier Sander Ødelien.

Denne veka var Øyvin Konglevoll i Florø for å snakke med sponsorar og feste grepet saman med den lokale arrangøren Sander Ødelien og Atløys Venner.

Konglevoll er leiar for veteranlaget for «Stavenes», men var også sjef for dei to svære Nordsteam-arrangementa i Bergen det siste tiåret.

Konglevoll og Ødelien garanterer for at Fjordsteam ikkje vert nokon repetisjon av Måløys «Tall Ships Race» med økonomisk fadese.

– Nøkterne folk som tek vare på fjordabåtane er ikkje med på slikt. Dette blir ikkje noko dyrt arrangement. Ingen får betaling. Hit kjem ingen avdanka rockegrupper. Likevel vert det mykje liv og røre, forsikrar Konglevoll.

.

Artikkeltags