Venstre vil vere garantist for to helsesenter i Bremanger

FEM PÅ TOPP: Desse fem er på listetoppen til Bremanger Venste. Frå v. Jeanette Kristiansen Grotle, Svein Olav Senneset, Bjørgulf Myklebust, Irene Storøy og Rakel Rise Halset.

FEM PÅ TOPP: Desse fem er på listetoppen til Bremanger Venste. Frå v. Jeanette Kristiansen Grotle, Svein Olav Senneset, Bjørgulf Myklebust, Irene Storøy og Rakel Rise Halset. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

BREMANGER: Venstre si liste er klar.

DEL

Bremanger Venstre er no klare for valkampen, med ei liste som inneheld 29 namn. Blant fleire nye namn på lista finn vi ungdomskandidatane Torine Bortne og Henrik Holmøy. Begge fyller 18 år i løpet av 2019 og går på vidaregåande skule på Sandane, der dei i fjor vår var med på skipinga av Gloppen Unge Venstre.

På topp har Venstre Svein Olav Senneset.

– Vi har jobba for å setje saman ei liste med god geografisk og kjønnsmessig balanse, og det har vi fått til. På lista finn vi 16 kandidatar frå indre og 13 frå ytre del av kommunen, og kvinneandelen er på 45 prosent. Bremanger Venstre opplever sterk auke i medlemstalet og avvikla nyleg sitt årsmøte med rekordstort frammøte, skriv Senneset i ei pressemelding.

Treng fleire familiar

Venstre peikar på at dei største utfordringane til kommunen er knytt til folketal og demografisk utvikling.

– Vi ønskjer levande bygder med fleire småbarnsfamiliar. Skal vi få det til må vi legge forholda betre til rette både for næringsverksemd og busetnad, seier Senneset.

Mellom grepa som må gjerast er å få fortgang i arbeidet med strekninga Svelgen-Indrehus. Venstre vil sikre oppstart i 2020 slik fylkestinget har bestemt, i tillegg til at ein må jobbe for snarleg realisering av dei neste byggestega. I tillegg ønsker dei at brua over Nordfjord kjem på plass så raskt som råd.

– Brua over ytre Nordfjord vil skape enorme moglegheiter og positive ringverknader for heile regionen. På strekninga sørover frå Svelgen er det ingen tvil om at veg over Terøya er den mest framtidsretta og beste løysinga både for Bremanger og naboane våre i nord og sør. Bremanger Venstre vil også starte planarbeid for heving av vegstandarden mellom bygdene og kystvegen, skriv Senneset.

Garantist for helsesenter

I programmet sitt skriv Bremanger Venstre vidare at dei vil greie ut moglegheitene for å byggje eit regionalt, miljøvenleg symjeanlegg med 25 meters bassenglengde og eit terapibasseng. Dette, meiner dei, bør ligge ved Svelgen Oppvekst.

– Ingen stad ligg vel tilhøva betre til rette for dette enn i Svelgen, der det er tilgang på spillvarme frå smelteverket, seier Senneset.

I tillegg har dei programfesta at det i framtida skal vere to helsesenter i kommunen; eitt i Svelgen og eitt på Hauge.

– Begge skal ha eit fullverdig tilbod til innbyggjarane. Vi tok kampen om helsestasjonen på Hauge, og vi er ikkje redde for å ta ein kamp til, om nokon skulle finne på å ville rasere dette tilbodet, seier Svein Olav Senneset.

6 AV 13: Geografisk og kjønnsfordeling er god. Seks av damene på lista var også på årsmøtet. Frå v. Jeanette Kristiansen Grotle, Janne Kjærstad, Hilde Klungreseth, Torine Bortne, Rakel Rise Halset og Irene Storøy.

6 AV 13: Geografisk og kjønnsfordeling er god. Seks av damene på lista var også på årsmøtet. Frå v. Jeanette Kristiansen Grotle, Janne Kjærstad, Hilde Klungreseth, Torine Bortne, Rakel Rise Halset og Irene Storøy. Foto:

Artikkeltags