Vellukka Nordgulen høgt og lågt

Mange hadde møtt opp, trass revnværet, for å få med seg Nordgulen høgt og lågt. Her frå flåtebyggingskonkurransen mellom gutane og jentene i 10. klasse.

Mange hadde møtt opp, trass revnværet, for å få med seg Nordgulen høgt og lågt. Her frå flåtebyggingskonkurransen mellom gutane og jentene i 10. klasse. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

– Det har vore ein kjempeflott dag. Eg trur folk har kost seg under Nordgulen høgt og lågt.

DEL

Det seier initiativtakar til leikane i Svelgen, Leo Cirotzki, etter at arrangementet var ferdig laurdag.

Då hadde mange møtt opp for å få med seg kjekke aktivitetar som klatring på vegg og på bruskasser, fiskekonkurranse, femathlon i tillegg til ein overflod av kaker, kaffi sveler og grillmat.

Det er tredje gongen ein arrangerer Svelgen høgt og lågt. Målet er å bli nesten like god, eller kanskje betre enn storebror på bygdearrangements-fronten; Eikefjorddagane.

– Det er eit veldig godt arrangement, så vi kan med ein viss sjalusi seie at vi har eit godt stykke å gå før vi er på deira nivå, seier Cirotzki men legg til:

– Men Nordgulen høgt og lågt er eit godt høve for oss å vise at Svelgen er eit levande samfunn. Vi er ikkje så flinke til å vise nettopp det. Det er også eit godt høve til å treffe folk, og for nye i bygda til å sjå kva vi har av lag og organisasjonar her, seier han.

Høgdepunktet laurdag var nok femathlonen Nordgulenslitet. Men underhaldningsmessig kan ein ikkje sjå bort frå flåtebyggingskonkurransen mellom jentene og gutane i 10. klasse. Der grusa jentene gutane med ein mykje betre flåtekonstruksjon, og kunne dermed dra inn tusen kroner i gevinst. Uansett ahdde gevinsten gått til 10.-klassen sin tur til Polen, så det einaste som var såra hjå gutane etter tapet var nok stoltheita.

Resultat nordgulenslitet

Nr 1. Grendalaget Mevika. Tid: 28.0

Markus Teigene

Mads Os

Sondre Eikeland

Ørjan Helle

Vegard Henden

Nr 2. Rørlegger Nigadsøy. Tid: 28.19

Tor Erik Nigardsøy

Svenn Runar Myklebust

Gunnar Styve

Kjell Åge Bueie

Jan Rune Nigardsøy

Nr 3. Naustneset oilers. Tid: 30.06

Terje Igland

Steinar Talle

Marit Frøyen

Per Arne Sæterlid

Martin Svarstad

Nr 4. Naustneset United Tid: 30.26

Stig Gjerde

Wenche Midbø Førde

Ståle Dyrstad

Ole Martin Gjerde

Jørgen Bjørkedal

Nr 5. Elkem Energi Bremanger. Tid: 30.32

Frank Ryland

Frank Midtbø

Alf Håøy

Asbjørn Svarstad

Atle Alsaker

Nr 6. Langeneset Tid: 31.08

Eirik Ask

Monica

Fredrik D. Valberg

Joard Årøen

Arne Rebni

Resultat for dei som tok alle etappane aleine:

Nr 1 Frank Hatleset, tid: 33.17

Nr 2 Kristian Furseth, tid: 34.17

Nr 3 Andre Hatleseth, tid: 36.00

Artikkeltags