– Veldig kjekt og spennande

Foto:

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

Lise Buset (34) frå Svelgen håpar å bli grisebondens utvalde.

DEL

Ho er ei av dei seks jentene som grisebonden Ola Sylte (29) ville ha med seg vidare i TV2-programmet «Jakten på kjærligheten».

Eventyret starta i byrjinga av august. Då fekk Lise vite at ho var ein av friarane til den kjekke gardbrukaren Ola Sylte frå Surnadal.

– Det var ei veninne av meg som sende inn brevet, etter at presentasjonen av dei aktuelle bøndene i TV-programmet vart vist i reprise, fortel Lise.

Lise vedgår at det er utruleg spesielt å vere med i «Jakten på kjærligheten».

– Eg var veldig nervøs framfor møtet med Ola, men det gjekk greitt. Han er ein kjempekjekk fyr, og det var veldig koseleg å snakke med han.

Vel vitande om at ho ikkje kan seie så mykje meir om den vidare utviklinga i programmet, seier Lise likevel at ho håpar å bli den jenta som Ola vel til slutt.

Artikkeltags