No må du bu deg på venting ved Trongesundet

I GANG: Arbeidet med å utbetre vegen med spleisemidlar er no i gang.

I GANG: Arbeidet med å utbetre vegen med spleisemidlar er no i gang.

BREMANGER: Dei neste tre månadene må bilistar vere budd på litt venting om dei køyrer fylkesveg 616.

DEL

Måndag starta arbeidet på utbetring av Fv. 616 ved Trongesundet, cirka seks kilometer aust for Kalvåg.

Vegen vil vere periodevis stengt på grunn av vegarbeid dei neste tre månadene, melder Bremanger kommune på sine nettsider.

Det er mellom klokka åtte på morgonen og seks på kvelden på kvardagar at ein kan oppleve ventetid for å sleppe gjennom, og ventetida er stipulert til mellom fem minuttar og ein halvtime, grunna pågåande sprengingsarbeid.

Har flekt berga og sett boret i fjellet 

Rutegåande trafikk vil få sleppe gjennom på arbeidsstaden.

- Hugs difor å leggje inn litt ekstra tid om du skal vidare med ferje frå Oldeide, oppmodar kommunen.

Artikkeltags