Har fått opna fjellovergangane igjen etter helge-uvêret

FLORØ: Brøytemannskapa har fått opna alle fjellovergangane i Sør-Norge igjen, etter mange stengingar i helga.

DEL

Sjølv om sola har skine frå skyfri himmel på kysten av fylket gjennom helga, har stoda vore ganske så annleis i innlandet. Mange fjellovergangar har vore stengde eller hatt kolonnekøyring på grunn av sterk vind og snø, men i morgontimane måndag melder Vegtrafikksentralen i vest om normalisering av stoda.

Fylkesvg 50 Aurland-Hol blei opna igjen søndag kveld, det same gjeld Riksveg 13 over Vikafjellet. Uvêret stengde også Hemsedalsfjellet i helga, men her er det no ope for kolonnekøyring.

Riksveg 7 over Hardangervidda er også opna att for vanleg trafikk.

Artikkeltags