Ferja mellom Stårheim og Isane er innstilt. Sjekk vegmeldingane før du køyrer nokon plass i helga

Artikkelen er over 1 år gammel

VEG: Det er problem i trafikken også søndag grunna regnvêret

DEL

Ferja mellom Stårheim og Isane er innstilt på grunn av dårleg ver, og ved Nordberg i Skjåk er vegen stengt på grunn av flom. Det er ikkje ømkøyringsmoglegheiter, og det er difor vanskeleg å kome seg over Strynefjellet melder NRK.

Ved Moskog i Førde har eit stort grantre falle over E39 i morgontimane, men vegen er no open att. I morgontimane søndag er det disse vegane som er stengd:

Fv. 121. Seljadalen i Vik er stengt grunna flaum.

Fv. 333. Skjolden ved Mørkrid er stengd grunna flaum.

Fv. 451 Stardalen er stengt grunna flaum.

Fv. 609 ved Heilevang mellom Askvoll og Førde er framleis stengd grunna fare for ras. Geolog er venta til staden i løpet av morgonen.

Les fleire meldingar frå fylket på Statens vegvesen, og sjekk vårt interaktive kart øvst i saka.

MYKJE VATN: Slik ser det ut mellom Naustdal og Frammarsvik laurdag morgon.

MYKJE VATN: Slik ser det ut mellom Naustdal og Frammarsvik laurdag morgon. Foto:

Artikkeltags