Vegen rasa ut vest for Svelgen

Artikkelen er over 8 år gammel

Kring 3,5 kilometer vest for Svelgen rasa delar av vegbana ut på Fv 614 måndag ettermiddag.

DEL

Mesta og Brødrene Mundal var raskt på staden for å sikre området slik at bilar ikkje blir utsette for farlege situasjonar på den smale vegen. Dersom to bilar møtest akkurat her, kan det oppstå farlege situasjonar.

Tor Olav Halse i Brødrene Mundal fortel at vegen hadde rasa ut eit par meter ved sida av der ei veit gjekk under vegbana. Det var store vassmengder som rann nedover terrenget og under vegen.

- Truleg hadde det rasa ut her før eller seinare utansett. Vegen er gammal og fundamentert med dei massane som ein fann i terrenget etter som vegen vart bygd. Ein bygger ikkje vegar på denne måten lenger. Eg hadde ikkje kunna tippe at vegen ville rase ut akkurat her.Men sidan dette er ein gammal nedsliten veg så kan dette skje også fleire stader ut over mot Kjelkenes, seier Halse.

I samråd med vegvesenet har Brdr. Mundal blitt samde om å køyre på steinmasse i vegbana der vegen har rasa ut. Vegen blir difor ikkje stengd, men vil bli helden open. Det blir synfaring tysdag.

Leiar Bjørgulf Myklebust i Bremanger Næringsråd seier at dette viser kor kritisk det er å få gjort noko med vegen til og frå Svelgen.

- Eg vonar at fylket ser kor viktig tiltaka i 45-minuttsregionen på kystvegetraseen mellom Florø og Måløy er, seier han.

Artikkeltags