Har fått 100.000 til å kartlegge tilgjengelegheita til turvegar i fylket

TURVEG: Gangbrua ved Øyrane var ein del av førre kartlegging. No skal fleire turvegar i fylket bli kartlagt.

TURVEG: Gangbrua ved Øyrane var ein del av førre kartlegging. No skal fleire turvegar i fylket bli kartlagt. Foto:

Av

FYLKET: Fylkeskommunen: – Skal få fleire i aktivitet.

DEL

– Målet med ei slik kartlegging er å sette fokus på utvikling av sentrumsnære turvegar som alle kan nytte seg av. Dette vil kunne bidra til at fleire kjem seg ut og i aktivitet, seier trainee i fylkeskommunen, Frank Tore Farsund Tveit, i ei pressemelding.

Firda meldte om saka først.

Fylkeskommunen har no fått tildelt 100.000 kroner frå Kartverket til å kartlegge tilgjengelegheit og universell utforming av slike vegar i 11 kommunar i fylket.

Skal gjere turvegane betre

Kommunane det skal kartleggjast i er Gaular, Flora, Jølster, Gulen, Årdal, Høyanger, Balestrand, Eid, Hornindal, Leikanger og Stryn. Kartlegginga skal sjå på korleis turvegane er no, og finne potensial for å gjere vegane betre og meir tilgjengelege.

Ei tilsvarande kartlegging i dei 15 andre kommunane blei gjennomført i 2013. Når kartlegginga i dei 11 siste kommunane er gjennomført, vil ein dermed ha eit heilskapleg bilde av tilgjenget på sentrumsnære turvegar i heile fylket, skriv fylkeskommunen i pressemeldinga.

Kartlegginga skal gå føre seg i august/september, i samråd med kommunane. Ein rapport om kartlegginga vil vere klar i oktober.

Artikkeltags