Nokon har snakka saman

Frå venstre Abdu, Borhan, Jihad sjauar bord og benkar med liv og lyst for Våt Moro.

Frå venstre Abdu, Borhan, Jihad sjauar bord og benkar med liv og lyst for Våt Moro. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Og dermed fekk den store frivillig-familien i Florø nye, syriske medlemmer.

DEL

våt moro- Det er jo ein vinn-vinn-situasjon. Vi trengde fleire hender til arbeidet med festivalen, og dei trengde noko å henge fingrane i, forklarar styreleiar Frank Robert Klakegg i Våt Moro.

- Igår sov eg så godt!

Det starta med at naboane Klakegg og Bente Nygård prata saman over gjerdet ein kveld. Nygård er informasjonsansvarleg ved Innvandrarsenteret og veit at dagane ofte er lange for dei som kjem til landet som asylsøkjarar. Ikkje kan dei ta betalt arbeid, og i starten, med lite språkkunnskapar, kan det også vere utfordrande å orientere seg om kva tilbod som finst i samfunnet rundt dei. Nygård kopla Klakegg saman med ei gruppe syriske unge menn som meir enn gjerne ville gjere nytte for seg. Måndag og tysdag var dei i full gang med å sette opp festivalteltet og sjaue bord og benkar på Torget.

Sipan Mohammed har vore i Florø og Norge i åtte månader og er den av dei ti-elleve karane som snakkar best norsk - faktisk imponerande godt.

- Vi sa ja, sjølvsagt, for det er kjedeleg på asylmottaket, seier Sipan.

Sipan Mohammed er frivillig under Våt Moro. Når sjølve festivalen kjem i gong, reknar han med å halde fram, mellom anna med å selge billettar.

Sipan Mohammed er frivillig under Våt Moro. Når sjølve festivalen kjem i gong, reknar han med å halde fram, mellom anna med å selge billettar. Foto:

Han seier dei treng å møte folk og bli kjende med nye menneske, men det er ikkje den einaste bonusen ved å vere i aktivitet:

- I natt sov eg så godt! Eg var skikkeleg trøtt då eg la meg i går, og det var lenge sidan sist. Vi har jo ikkje noko å gjere, vi berre ventar.

- Har de ikkje noko å finne på på asylmottaket?

- Nesten ikkje, det fins nokre aktivitetar. Eg spelar fotball to gongar i veka. Men det vert mange kjedelege timar. Så om det er nokon som har bruk for oss til frivillig arbeid, er vi klare, seier Sipan med eit stort smil.

Vil så gjerne delta

Det var også noko av årsaka til at Klakegg bad Firdaposten om å komme og helse på og skrive litt om karane.

- Folk må jo få vite at dei har lyst å delta, for det er plenty med prosjekt i Florø som har bruk for ekstra hender, påpeikar han.

Kåre Toreid er på plass som ein slags "skiftleiar" for gjengen, og den nye frivillig-gjengen er veldig nøgde med "sjefen" sin.

- Det er kjekt å jobbe med Kåre, han er morosam!

Og tilfredsheita går visst begge vegar.

- Dei er både flinke og effektive, ein skulle ikkje tru dei hadde gort anna enn å jobbe. Å vere her betyr at dei har noko meiningsfullt å halde på med, samstundes som det er sosialt. I tillegg får dei praktisert språk og lært litt om korleis eit arrangement som dette fungerer. Dei er kjempeflinke! lyder attesten.

At dei får praktisert språk bekreftar Sipan med eit glis.

- Skru inn og skru ut, til dømes, det veit eg godt kva er no...

Han seier han kjenner seg som ein innbyggar i Florø no, når han har vore her i åtte månader.

- Og då er det kjekt lage festival for folk!

Artikkeltags